Hopp til hovedinnholdet

Verdas mest forelska par - ei forteljing frå Bløygen

  • Innbundet

  • 2001

  • Norsk, Nynorsk

Alle stader i verda finst det forelska par. I Bløygen var det Bidger og Esmiluni. Av og til var dei så forelska at utelampa blinka. Bløygen er ein liten stad med tretten innbyggjarar i alt, med lyktestolpe og rosebed, kommunestyre og blandakor. Då verdsmeisterskapen i pludring og romantikk blei lyst ut, bestemte kommunestyret at Bidger og Esmiluni skulle meldast på og at dei siste slantane i kommunekassa skulle brukast på dei for å gjera bygda kjend. Men i Bløygen budde òg Bjørn Disel. Han hadde ein stor draum i verda: At det var han som skulle bli kjærast med Esmiluni.
Rune Belsvik blei tildelt Brageprisen 2000 for beste ungdomsbok, og har eit breitt og mykje verdsett forfattarskap bak seg. No har han dikta ei vedunderleg forteljing for barn og vaksne om kjærleikens magi og utfordringar, og om kva som kan henda når forelskinga skal på utstilling.

Tilgjengelig i 9 butikker

På nettlager (sendes innen 1-3 virkedager)

  • Bytt i alle våre butikker
  • Klikk og hent

Oppdag mer

Lignende bøker

Utvalgte bøker

Recently viewed