Helgeland som litterært landskap
Innbundet
2022
Norsk, Nynorsk
Denne boka handlar om korleis helgelandslandskapet er framstilt litterært gjennom 200 år. Det konkrete landskapet har endra seg på mange måtar, ikkje minst som resultat av industrialiseringa. Vår måte å oppfatte og lese landskapet på har òg endra seg, og det er dette som er hovudtema for denne boka. Tekstane som blir presenterte her, viser ulike aspekt ved landskapet og eksemplifiserer ulike forståingar av samspelet mellom landskap og menneske. Er landskapet til for menneskeleg utnytting? Skal vi juble over eller gråte over dei endringane som modernisering av landbruk og fiske fører med seg? Kva har størst verdi: den frittrennande fossen eller fossen som er sett i arbeid og lagar elektrisitet? Lesingane av desse til dels lite kjende tekstane viser korleis natur og kultur er uløyseleg samanvove, og at landskap og natur alltid òg er sett gjennom nokre bestemte kulturelle. briller. Hallvard Kjelen er førsteamanuensis i norskdidaktikk ved Nord universitet, Nesna.
Tilgjengelig i 5 butikker
På nettlager (sendes normalt innen 1-2 virkedager)
- Bytt i alle våre butikker
- Klikk og hent