Hopp til hovedinnholdet

Parlamenturismen - norske folkevalde på utflukt

  • Innbundet

  • 2016

  • Norsk, Nynorsk

Stortingsrepresentantar på reisefot - sjansespel og situasjonskomikk! Skal representantane halde ut det tunge slitet på Stortinget, må dei ha utsikter til litt hygge og avveksling. Det beste er turar til storbyar og eksotiske reisemål, langt vekk frå vrange veljarar og slitsame journalistar. Studieturane skal utløyse trivsel og glede, løfte sinnet, føre til inspirasjon og gi perspektiv i arbeidet for fedrelandet. Kva kan hende - og har hendt - når glade representantar og statsrådar er på reise i framande land? Ja, korleis står det eigentleg til med parlamenturismen? Hallgrim Berg, aktiv humorist og mangeårig stortingsrepresentant, fortel elleville historier frå utfl ukter dei folkevalde har hatt i inn- og utland. Alt som står i denne boka, er autentisk. Enkelte episodar kan ha blitt litt utbroderte, slik skikken er i munnleg overlevert forteljartradisjon. Anonymiseringa er lagt på eit absolutt minimum. Illustrert av Oddmund Mikkelsen.

Tilgjengelig i 1 butikk

På nettlager (sendes innen 1-3 virkedager)

  • Bytt i alle våre butikker
  • Klikk og hent

Oppdag mer

Lignende bøker

Utvalgte bøker

Recently viewed