Hopp til hovedinnholdet
Et meir ute

Et meir ute - turkokeboka : 100 nye oppskrifter og tips til god turmat

Av Sigrid Henjum, 2022.


Turkokeboka ET MEIR UTE inneheld alt du treng å vita for å løfta turmaten eit hakk. Det er du som legg lista: Riv med deg noko frå butikken, på veg opp på fjellet eller ut på sjøen. Eller, gjer klart noko heime og lag luksusmat ute. Dei fleste er vortne meir opptekne av å vera miljøvenlege, og å kasta mindre mat. I boka finn du inspirasjon til korleis du kan eta opp matrestane på tur og hausta frå naturen. Lure triks med gode smakar, og mat for liten og stor. Sigrid Henjum (f. 1983) er ei patriotisk sognajenta, som har reist verda rundt. Matlaginga har ho plukka opp gjennom jobb som kokk på hotell og luksuslodge. Ho har guida på ski både i Nordvestpassasjen og over Grønlandsisen, og på hesteryggen i Mongolia. Godt plassert i kajakken, har ho padla rundt Sør-Georgia og Nordaustlandet (Svalbard). Lista er lang. Livet er i endring - Sigrid har no landa på eit småbruk med familie, dyr og grønsaker i Sogndal. Turane er kortare og nærmare enn før. Ho har lært mykje, og fått ny erfaring sidan førre bok, ET UTE, som kom ut i 2016. Boka vart ein suksess, med over 6000 selde eksemplar - til no. ET MEIR UTE gir deg over 100 nye oppskrifter og tips til god turmat.

InnbundetNorsk, Nynorsk
408,-
449,- i butikk

Ved å fullføre kjøpet aksepterer jeg kjøpsvilkårene.

Tilgjengelig i 9 butikker

På nettlager. Sendes innen 1-2 virkedager.

Produktinformasjon
Format
Innbundet
Utgivelsesår
2022
Første salgsdato
08.02.2022
Forlag
Fri flyt
Språk
Norsk, Nynorsk
Emne
Turmat, Friluftsliv
Antall sider
235
Høyde
238 mm
Bredde
192 mm
Lengde
20 mm
Vekt
781 g
ISBN
9788293090953
Kundevurderinger

0

0 vurderinger

0%
0%
0%
0%
0%

Din vurdering

Logg inn for å se eller gi din vurdering.

Kundevurderingene er skrevet av verifiserte kjøpere. Det betyr at produktet som vurderes må være kjøpt hos ARK og registrert på brukers profil. For å registrere kjøp gjort i butikk, må man være ARK-venn.

Mer om kundevurderinger i ARK
Et meir ute