I denne kokeboka deler Hans og John frå instagramprofilen @fysenpaa 64 nøye utvalde oppskrifter frå tre heimar.
I del éin er du invitert på middag til Hans sin barndomsheim i havgapet på Vestlandet. Her får du servert rettar som fleskepannekaker, komler, laks og sveler. I del to får du vere med John til det kantonesiske og vietnamesiske kjøkkenet, der du får inspirasjon til ekte, god og tradisjonsrik mat frå både Hongkong og Vietnam – som du får til å lage heime på ditt eige kjøkken. Her er det berre å forsyne seg av phở, hot pot, wonton og mykje anna snadder.
Saman har Hans og John skapt ein felles heim fundert på dei ulike matkulturane sine, og dit får du bli med i den tredje og siste delen. Her skal me mellom anna innom det italienske, nordiske, japanske, thailandske og koreanske kjøkenet. Ta plass rundt det mørke eikebordet til Hans og John og smak på frukostar, forrettar, middagar og dessertar inspirerte av både oppvekst, reiser og restaurantbesøk.
Evig fysen er eit resultat av to ting. Den første er den felles lidenskapen til Hans og John: mat. Den andre er Instagram-kontoen @fysenpaa, som duoen starta i 2024. I boka fortel forfattarane historia om å finne seg sjølv og å finne kvarandre. Historia om å vere lukka og gøymd, for så plutseleg å servere mat saman til fleire tusen følgjarar i sosiale medium.
Evig fysen er ei bok du tar fram når du vil nyte både livet og maten som smakar best – saman med dei som betyr aller mest.