Hopp til hovedinnholdet

Bortom allfarveg Vestlandet - 99 reisetips til ein briljant ferie

Av Gunnar Garfors, del 2 av serien
  • Innbundet

  • 2022

  • Norsk, Nynorsk

I braksuksessen og bestseljaren frå 2021 «Bortom allfarveg» tok den kjende reiseeksperten Gunnar Garfors oss med på ei eventyrleg oppdagingsferd i heile Noreg. I denne oppfølgjaren reiser vi til Vestlandet for å leite etter spennande og ukjende opplevingar i særklasse.

Vestlandet er meir enn Bergen, Preikestolen og smale fjordar. Det kryr av spektakulær og urørt natur, vakker arkitektur, særeigne overnattingsstader og restaurantar som serverer mat og drikke i verdsklasse. Men sjølv vestlendingen har mykje å oppdage i eigen landsdel, for mykje av det Noregs kanskje mest reiseglade forfattar inviterer oss med på er ein godt bevart løyndom for dei fleste.

Med «Bortom allfarveg: Vestlandet» er det mogleg å planlegge ein fullstendig vestlandsferie, anten du vil reise åleine, saman med familie og vener eller vil ta med kjærasten på ein romantisk getaway. Kva med hjortebrølsafari, overnatting i hengekøyer og eksklusive designhytter kombinert med sidersmaking ved Sognefjorden ein varm sommarkveld?

Dei siste åra har vi fått opp auga for vårt eige land, og det er mykje som tyder på at trenden er varig. Ja, vi kjem til å reise til utlandet igjen, men kanskje meir på langturar, medan vi for kortare turar kanskje vil velje det nære. Ved å bytte ut helgeturar til London, Paris og New York med turar til Ulvik, Solvorn eller Bremanger kuttar vi ikkje berre utslepp - opplevingane kan absolutt ta opp konkurransen med det vi er vande til utanskjærs.

Boka utvider biletet vårt av Vestlandet og guidar oss til stader dei fleste av oss ikkje ville funne fram til på eigenhand. Her finn vi, sjølvsagt, ikkje dei vanlege turistmagnetar der vi må stå i kø, men alternative opplevingar som gir oss kjensla av å oppdage noko nytt, litt på same måten som når vi dumpar innom ein bortgøymd kafé i ei bakgate i Roma.

3.5

Klikk&Hent På lager i 45 butikker
Nettlager Sendes normalt innen 1-2 virkedager
  • Bytt i alle våre butikker
  • Klikk og hent

Oppdag mer

Lignende bøker

Utvalgte bøker

Recently viewed