Hopp til hovedinnholdet
Dagbok frå eit tomrom

Dagbok frå eit tomrom

Av Emi Yagi, lest av Kjersti Dalseide, 2026.


Humoristisk, skarp og utfordrande debut frå Japans nye litterære stjerneskot.Boka vart kåra til ei av årets ti beste bøker i The New Yorker, og vann den prestisjetunge Dazai Osamu-prisen i Japan. Med svart humor, presis samfunnssatire og sylskarpe observasjonar skildrar Dagbok frå eit tomrom kva som skal til for at ei kvinne skal bli sett – og kva det kostar å spele rolla andre treng at ho spelar.

Shibata er den einaste kvinna på kontoret. Det betyr éin ting: Ho får automatisk alle dei usynlege jobbane ingen andre vil ha – vaske kaffikoppar, rydde etter kollegaer, smile, stille opp, jobbe overtid. Oppgåver ho aldri har bedt om, men som likevel blir forventa av henne.

Ein dag får ho nok. I rein desperasjon – og med ein iskald ro – seier Shibata at ho ikkje kan vaske brukte kaffikoppar lenger, fordi ho er gravid og ikkje toler lukta. Og plutseleg skjer eit mirakel. Gravide Shibata treng ikkje servere kaffi. Gravide Shibata slepp overtid. Gravide Shibata får kvile, omsyn – og respekt. Problemet er berre éin liten detalj: Shibata er ikkje gravid.

No må ho halde liv i ei løgn som varer i ni månader – medan kollegaene gratulerer, magen “veks”, og forventningane aukar for kvar dag.

Innbundet
Pocket
E-bok
Lydbok

Språk: Norsk, Nynorsk

349,-

Ved å fullføre kjøpet aksepterer jeg kjøpsvilkårene.

Digital lydbok

Lydbøker legges i din ARK-app. De kan også lastes ned fra Din side.

Den japanske forfattaren Emi Yagi har skrive ei bok som har alt: Ei overraskande forteljing, summande godt språk, filosofiske innslag og skarp samfunnskritikk.

Hanna Marie Haug, Framtida

Oppdag mer

Produktinformasjon
Format
Lydbok, nedlastbar
Kopibeskyttelse
SDRM
Lest av
Kjersti Dalseide
Varighet
4t 50m
Utgivelsesår
2026
Første salgsdato
27.02.2026
Forlag
Samlaget
Språk
Norsk, Nynorsk
Originaltittel
Kūshin techō
Originalspråk
Japansk
Emne
Kvinners / jenters livserfaring
Oversatt av
Ingvill Kjærstein
ISBN
9788234013638
Kundevurderinger

0

0 vurderinger

0%
0%
0%
0%
0%

Din vurdering

Logg inn for å se eller gi din vurdering.

Kundevurderingene er skrevet av verifiserte kjøpere. Det betyr at produktet som vurderes må være kjøpt hos ARK og registrert på brukers profil. For å registrere kjøp gjort i butikk, må man være ARK-venn.

Mer om kundevurderinger i ARK
Anmeldelser

Den japanske forfattaren Emi Yagi har skrive ei bok som har alt: Ei overraskande forteljing, summande godt språk, filosofiske innslag og skarp samfunnskritikk.

Hanna Marie Haug, Framtida

Briljant satire ... Boka etterlèt meg oppstemt, språkleg lukkeleg og djupt informert. Romanen blei kåra til ei av årets ti beste bøker i The New Yorker og vann den prestisjefulle debutantprisen Dazai Osamu i Japan. No håpar eg òg at Ingvill Kjærstein får ein pris for den framifrå, ledige og samvitsfulle omsettinga si. Det konvensjonsbrytande etterordet hennar burde også fått ein pris.

Ingvild Bræin, Dag og Tid

Debut­boka til japanske Emi Yagi byr på snerten samtids­kritikk ... Ingvill Kjærstein har gjort ein ypparleg jobb med å hente fram bokstav­rimande norske ord som sam­stundes under­byggjer dei rytmiske rørslene til maskinene ... Underkommunisering av humor og lengt gjer at ein må lese grundigare. Og gjer ein det, ligg det langt fleire nivå her enn kva den nøkterne stilen skulle tilseie.

NRKAnne Cathrine Straume, NRK

romanen er absolutt en god blanding av letthet og alvor, av en snurrig historie og et kritisk blikk på kvinners vilkår i Japan. [...] En stund framstår romanen som en avlegger til Bridget Jones-sjangeren; en lettbeint fortelling om en singel, passe ung kvinne, med en passe inspirerende jobb. Komikken er dempet tilstede, og ligger i hvor helhjertet Shibata stuper inn i graviditeten.

DagbladetMaya Troberg Djuve, Dagbladet

Ideen er briljant [...] svært solid oversettelse av japanske Emi Yagis kritikerroste prisbelønte debutroman «Dagbok frå eit tomrom»

Even Teistung, Klassekampen

[Dagbok frå eit tomrom] - oversatt til framifrå nynorsk av Ingvill Kjærstein - balanserer syrlig samfunnskritikk og eksistensielle spørsmål med deilig bekmørk humor. […] Kan leses på en helg - eller når du bare trenger å tenke litt andre tanker.

Ellen Sofie Lauritzen, Dagens Næringsliv

Emi Yagis samfunnskritikk er sylskarp... [For] i et individualistisk samfunn der ensomheten rår er det også enklere å lyve. Ingen kommer inn i hjemmet ditt og sjekker, ingen følger egentlig opp. At Emi Yagi lar denne kritikken komme frem mellom linjene er flott gjort. Hun får også frem det paradoksale med at vi lever i et samfunn der så mange er ensomme.

Live Lundh, Morgenbladet
Dagbok frå eit tomrom
Dagbok frå eit tomrom | Emi Yagi | Ark.no