I for internatunge - roman
E-bok, nedlastbar (Epub)
2019
Norsk, Nynorsk
Ei var og brutal forteljing om å vekse opp på internat. Dette er forteljinga om Elis, Arno, Frans og Máret, som alle må reise frå heimen sin for å leve og bu i utrygge omgivnader på skuleinternat, langt vekk frå familie og omsorgspersonar - og om kor stygt barn kan behandle kvarandre. I for internatunge er eit innblikk i skulepolitikken i Finnmark på 1950- og 60-talet, då over ein tredjedel av alle barn i fylket frå sjuårsalderen blei plasserte på internat. Internatbygginga var motivert mellom anna av at alle barn skulle ha skulegang, og av ønsket om å fornorske den samiske og kvenske befolkninga. Solstad har skrive ein roman med vare, sterke og brutale historier om kva det kan gjere med eit menneske å vekse opp under ei slik emosjonell omsorgssvikt.
Digital e-bok
E-bøker legges i din ARK-app. De kan også lastes ned fra Din side.