«At det å høyre til eit anna menneske, og at ikkje noko anna kan erstatte det, gjer at ein kan viske ut eigne grenser og tillate noko som ein veit, innerst i sjela si, aldri skulle skjedd».
Anne og Liv lever to heilt ulike liv. Dei strevar likevel med det same, sjølv om det berre er ei av dei som har vore i den situasjon at mannen hennar ein kveld nær tok livet av henne.