

Husdraumar - forlatne heimar og folka som levde der
Av Marit Eikemo, fotografert av Marita Aarekol, 2026.
Om boka
Fotografen Marita Aarekol har reist Vestlandet på kryss og tvers og fotografert forlatne hus. Forfattaren Marit Eikemo fortel historier om husa og dei som ein gong budde der.
Dette er ei historie om nokre av dei tomme husa. Grunnane til at lysa er sløkte og folk har reist, er blant anna arveoppgjer, økonomiske konfliktar, sjukdom, død, klimaendringar og personlege tragediar. Mange av husa ber på mørke forteljingar.
Aarekol og Eikemo fortel blant anna historia om huset som står slik det gjorde den dagen han som budde der, vart myrda, om snikkaren som ville at huset skulle døy med han, om familiar som har gått frå gard og grunn, og om å bu under bergfall og få ein gigantisk steinblokk klint inntil husveggen.
Ei undersøking i 2026 synte at 200 000 bustader står tomme her i landet, mange i grisgrendte strok.
Språk: Norsk, Nynorsk
Ved å fullføre kjøpet aksepterer jeg kjøpsvilkårene.
Denne boka er ei reise gjennom det vakre forfallet som herjar Vestlandet. ... Aarekols følsame bilete og Eikemos usentimentale tekstar er ein viktig dokumentasjon over ei tid som var og eit nøkternt dokument over ein tilstand som dei fleste av oss registrerer, men som vi i beste fall berre kan gremme oss over.
Utmerkelser
- Samlagsprisen 2019
- Amalie Skram-prisen 2017
Kjøp
Språk: Norsk, Nynorsk
Ved å fullføre kjøpet aksepterer jeg kjøpsvilkårene.
















