Hopp til hovedinnholdet
Klimapolitikk
Omslagsbilde av «Klimapolitikk»

Klimapolitikk - samfunn og styring under eit klima i endring


Om boka

Klimapolitikk handlar om klimaproblemet som samfunnsproblem, politisk problem og styringsproblem. Den naturvitskaplege klimavitskapen fortel oss at vi ikkje lenger lever under eit stabilt og «naturleg» klima, men eit som er i endring på grunn av våre utslepp av klimagassar, av korleis vi forvaltar naturressursane på kloden. Vi lever under eit «hybridklima», som resultat av samspelet mellom natur og samfunn. Følgjeleg vil framtida ikkje berre gje oss eit anna klima, men eit klima som vil vere styrt av korleis vi styrer samfunnet. Det er korleis samfunnet handterer denne nye situasjonen som er tema for denne boka. Dette «nye» klimaet er ikkje berre - og kan hende ikkje først og fremst - eit miljøproblem. Det er minst like mykje eit komplekst og samansett samfunnsproblem. Klimavitskapen har vist at vi lever under eit menneskepåverka klima og at den globale oppvarminga kan få dramatiske konsekvensar for samfunn og natur. Men den kan ikkje svare på korleis samfunnet kan eller bør handtere problemet. Denne boka er eit forsøk på å ta tak i klimaproblemet der den naturvitskaplege klimavitskapen ikkje lenger kan gje svar: Korleis ser klimaproblemet ut som sosialt, kulturelt og politisk problem? Kva for konfliktar og motsetnadar utløyser ulike klimatiltak? Kvifor har ikkje Kyoto-strategien fungert? Korleis og kvifor kjem forsøk på å løyse klimaproblemet så ofte i konflikt med andre problem i samfunnet? Og kan hende det viktigaste spørsmålet er: Korleis kan og bør samfunnet møte ei framtid der det kan bli mogleg å manipulere klimaet? Klimapolitikk bygger på ein gjennomgang av norsk, men først og fremst internasjonal litteratur som argumenterer for at dagens rådande strategi om klimatiltak, basert på naturvitskapelege perspektiv, er eit blindspor. Denne litteraturen er mindre kjent i Noreg og boka bidrar til eit innblikk i diskusjonen.

Innbundet — ikke tilgjengelig
Pocket
E-bok — ikke tilgjengelig
Lydbok — ikke tilgjengelig

Språk: Norsk, Nynorsk

Normalpris: 395,-
Laveste pris siste 30 dager: 316,-

Ved å fullføre kjøpet aksepterer jeg kjøpsvilkårene.

Kan bestilles til 147 butikker
På nettlager. Sendes innen 1-3 virkedager

Kjøp

Normalpris: 395,-
Laveste pris siste 30 dager: 316,-
Innbundet — ikke tilgjengelig
Pocket
E-bok — ikke tilgjengelig
Lydbok — ikke tilgjengelig

Språk: Norsk, Nynorsk

Ved å fullføre kjøpet aksepterer jeg kjøpsvilkårene.

Kan bestilles til 147 butikker
På nettlager. Sendes innen 1-3 virkedager

Produktinformasjon

Format
Pocket
Utgivelsesår
2015
Første salgsdato
11.11.2015
Forlag
Abstrakt
Språk
Norsk, Nynorsk
Emne
Klimaendringer, Politikk
Antall sider
313
Høyde
225 mm
Bredde
154 mm
Lengde
18 mm
Vekt
510 g
ISBN
9788279353751

Kundevurderinger

1

1 vurdering

0%
0%
0%
0%
100%

Kundevurderingene er skrevet av verifiserte kjøpere. Det betyr at produktet som vurderes må være kjøpt hos ARK og registrert på brukers profil. For å registrere kjøp gjort i butikk, må man være ARK-venn.

Mer om kundevurderinger i ARK
237,-

Ved å fullføre kjøpet aksepterer du kjøpsvilkårene.