Om innhaldet:
Dette er historia om to av dei mest oppsiktsvekkande justismorda i norsk rettshistorie, og om mannen som kjempa mot uretten og vann til slutt – men som ikkje utan grunn hadde både venner og fiendar.
Det dramatiske livet til valldølen Carl A. Hoel (1865–1954) har felles trekk med Henrik Ibsens Peer Gynt. Som ung vaksen reiste Hoel rundt i Europa og lærte møbelsnikring på så høgt nivå at han fekk oppdrag for kongelege.
Etter ein brann i Bergen i 1903 vart han dømd for mordbrann og send i fengsel. Familien kjempa for frifinning i årevis. Kong Haakon VII og sentrale politikarar engasjerte seg, og i 1918 gav Stortinget han ei erstatning som i dag ville hatt ein
verdi på over 20 millionar kroner.
Han flytta tilbake til heimbygda Valldal, der han blant anna vart den fremste pådrivaren for å få bygt Trollstigen, men han fekk også mange fiendar i bygda. Han bygde seg eit herskapeleg hus, New Home. Då New Home tok til å brenne, vart Hoel på nytt skulda for brannstifting og dømd. Først som 84-åring vart han frikjend.
Forfattaren har henta fram tidlegare ukjende kjelder og teiknar eit fascinerande portrett av ein uvanleg mann: møbelsnikkaren, gründeren, samfunnsbyggaren, forteljaren, rebellen, forfattaren og salmediktaren Carl A. Hoel.
Om forfattaren:
Svein Linge (f. 1947) er lærar med grunnfag i engelsk og historie. Han var informasjonssjef ved Det Norske Teatret 1979–86, formann i BUL Oslo 1974–76 og redaktør av Storfjordnytt 1987–92. Han har gitt ut biografiane «Mennesket og krigshelten Martin Linge» (2019), «Rubin Langmo – krigshelten som forsvann» (2022) og biografi om Jan Liberg (2024).