Hopp til hovedinnholdet

Mine minste - om gatefolk frå Romania og eit forsøk på å hjelpe

  • E-bok, nedlastbar (Epub)

  • 2017

  • Norsk, Nynorsk

Dei sit i gatene, står utanfor matbutikken og møter deg med ein skramlande kopp og ei bønn om hjelp. Tiggarane frå Romania finst over heile landet. Dei har blitt karakteriserte som kjeltringar, bandittar og menneskehandlarar. Åsne Valland Nordli flytta som ung nybakt mor til hamnebyen Constanta i Romania. Med trua på at det er mogleg å gjere ein forskjell, blei familien buande der i fem år. Dei arbeidde for å hjelpe gatefolk, både unge og gamle. Valland Nordli fortel si eiga historie, ei historie om tru, mot og motgang. Vi blir kjende med dei som blei hennar nære venner i Romania, og som har endra henne for livet. Valland Nordli minner oss om at dei utstrekte, tiggande hendene alle høyrer til menneske med draumar og historier som oljenasjonen ikkje har vondt av å høyre. Åsne Valland Nordli (f. 1975) kjem frå Norheimsund i Hardanger. Valland Nordli er profesjonell folkesongar. Ho har mellom anna spelt inn seks plater på plateselskap som ECM og Kirkelig Kulturverksted. I fem år budde ho i hamnebyen Constanta i Romania. Der arbeidde ho og ektemannen for Ungdom i oppdrag.
Kjøp e-bok

Digital e-bok

E-bøker legges i din ARK-app. De kan også lastes ned fra Din side.

Oppdag mer

Lignende bøker

Utvalgte bøker

Recently viewed