Hopp til hovedinnholdet

Frå Hernes til Clemet - frå plan til marknad? - kvar går den vidaregåande skolen?

  • Pocket

  • 2004

  • Norsk, Nynorsk

Dette er ei bok som handlar mest om Reform -94, som ifølgje tidlegare statsråd Gudmund Hernes skulle gi oss den beste vidaregåande skolen i verda. Ei sentral problemstilling i boka er kvifor denne reforma blei ein slik omstridd suksess. Forfattaren spør om samfunnet eigentleg var klar for reforma, og om striden skuldast indre motsetnader i reforma eller sjølve gjennomføringa. Boka handlar også om det som har skjedd i kjølvatnet på Reform -94. Forfattaren utforskar samanhengen mellom den hernesiske positivismen og den clemetske nyliberalismen, og han spør om løysingane til Kristin Clemet er gode svar på den postmoderne utfordringa. Innstillinga frå Søgnen-utvalet blir også drøfta. Det kunnskapssynet som ligg til grunn for dei to reformene, blir lagt under lupa, og forfattaren analyserer rollene til elevar, lærarar og leiarar slik dei voks fram som ideal i styrings- og rettleiingsdokument. Han ser også nærare på kva rolle styresmaktene meinte skolen skulle spele i samfunnet i framtida. Boka er ikkje meint å leggje fram ein tvers igjennom endeleg og uttømmande analyse og inneheld fleire spørsmål enn svar. Skolefolk og andre vil truleg setje pris på boka som eit temperamentsfullt innlegg i debatten om skolepolitikk og verdival. Erik Sølvberg er rektor ved Voss gymnas. Han har vore med på å lage læreplanar i ulike samfunnsfag i den vidaregåande skolen, og han har skrive mange lærebøker. Sølvberg har halde ei rad foredrag og kurs i læreplanforståing og reformanalyse i skolen og er mykje brukt som innleiar til debattar i skolespørsmål.

Tilgjengelig i 1 butikk

Kun tilgjengelig for Klikk&Hent

  • Bytt i alle våre butikker
  • Klikk og hent

Oppdag mer

Lignende bøker

Utvalgte bøker

Recently viewed