Hopp til hovedinnholdet

Fjell bygdebok - Bd. II

  • Innbundet

  • 2005

  • Norsk, Nynorsk

Dette bandet av Fjell bygdebok handlar om gardar og folk frå Trengereid i sør til Dyrøyna i nord. I tekst og bilete lèt gards- og slektshistoria oss møta strilar i Fjell som synlege einskildpersonar i ein heil historisk samanheng og over lang tid. Vi får lesa om menneske i kamp for utkomet, det vera seg på jakt med stuttorven etter dei minste grasstrå mellom bergnabbane eller på jakt etter fisk og sild med garn og snøre, ridande i færingen på kvite bølgjer mellom båar og skjer. Vi møter også menneske i finstas og festhumør. Mang ein lesar vil finna slektningar i dei omfattande slektssogene for kvar av dei 20 gardane. Her er ein smakebit frå historia til Løno, lengst vest i havet: «For ein del år sidan vart det funne ei steinøks [...] sør for steingarden som er lagt opp over eidet mellom Lønevågen og Sandkeilo. [...] I steinalderen sto sjøen fleire meter over eidet, som den gongen var eit sund. Det er rimeleg å tru at folk som heldt til lenger inne i landet, ofte fann vegen hit ut på fiske- og veideturar. Kan henda skriv steinøksa seg frå ei slik ferd. Steinaldermannen låg i sundet og bala med eitkvart og brått mista han øksa over ripa. Så ein dag nokre tusen år seinare vart øksa gjenfunnen og levert inn til Bergen Museum, og her ligg ho no.»

Tilgjengelig i 1 butikk

På nettlager (sendes innen 1-3 virkedager)

  • Bytt i alle våre butikker
  • Klikk og hent

Oppdag mer

Lignende bøker

Utvalgte bøker

Recently viewed