Hopp til hovedinnholdet

Sol, seier ho - roman

  • E-bok, nedlastbar (Epub)

  • 2013

  • Norsk, Nynorsk

«To dagar går. Eg søv nesten ikkje. Eg ligg med Vasco, høyrer han falla i søvn, står opp att. Det er noko gjennomskinleg med fargen på auga mine, med huda rundt auga. Eg sit ved vindauget, eg prøver ikkje å jobba. Når det lysnar, går eg og legg meg, søv kanskje ein halvtime, vaknar med kroppen pressa inn mot ryggtavla hans. Utskrifta av billetten ligg i vindaugskarmen, me snakkar ikkje om at han skal reisa. Påskeliljene på framsida av huset spring ut, Linnea lever uforklarleg lett ved sida av oss». «Sol, seier ho» er romanen om Anna. Ho bur på ein liten gard, ikkje langt frå havet. Her prøver ho å finna feste. Ho vil fullføra masteroppgåva. Ho tek seg av Linnea, dotter til venninna Judit. Kjærasten bur i Portugal. Dei møtest når dei kan. Det blir lenge mellom kvar gong. Ein dag i mai set Anna seg på flyet til Lisboa utan at Vasco veit at ho kjem. «Sol, seier ho» er ein presis og lysande roman om tilhøyrsle, oppbrot og forsvinning.
Kjøp e-bok

Digital e-bok

E-bøker legges i din ARK-app. De kan også lastes ned fra Din side.

Oppdag mer

Lignende bøker

Utvalgte bøker

Recently viewed