Hopp til hovedinnholdet

Vilje til vekst - Førde arbeidarparti 100 år

  • Innbundet

  • 2018

  • Norsk, Nynorsk

Forteljinga om Førde Arbeidarparti er forteljinga om sosialdemokratiet i Norge. Boka set synspunkt og handlingar til pionerane i Førde inn i nasjonale samanhengar. Ho fortel om engasjementet, motet og den ideologiske overtydinga til kvinnene, mennene og ungdomane i rørsla for å organisere «småkårsfolket» til kamp. Den viser korleis motkulturar som fråhaldsrørsle og målstrev blei kopla til sosialdemokratisk overtyding. Då industrisamfunnet hadde sitt høgdepunkt, fekk og Førde sin store vekstperiode med utpeikinga av Førde som vekstsenter, bygginga på Øyrane, striden om sentralsjukehuset, arealplanane og om ulike vegalternativ. I den lange ordførarperioden til Aud Viken kom den store veksten i sørvisnæringane med eit stort press på landbruksområda på Hafstad. Boka omtalar dei politiske stridane fram til og med vedtaka om handelsparken på Brulandsvellene. Forteljinga om Førde og sosialdemokratiet er om sterke politikarar som Kjell Olav Opseth og Aud Alice Viken og fleire med dei. I nokre familiar har det i fleire generasjonar kome politiske leiarar. Å vekse opp i ein heim med politikk, diskusjonar og samfunnsdeltaking, kan skape interesse og vilje til å ta del.

Ikke tilgjengelig for Klikk&Hent

På nettlager (bestillingsvare. Sendes normalt innen 2 uker)

  • Bytt i alle våre butikker
  • Klikk og hent

Oppdag mer

Lignende bøker

Utvalgte bøker

Recently viewed