Tankar!ved eit gullbryllaup

Forfatter
Spar {0}
Spar {0} som ARK-VENN
{0} til nettpris
med Klikk&Hent
Format/språk
   Klikk og hent - få varen innen 1 time*
   90 dagers åpent kjøp.
* Gjelder varer på lager i butikk

Kort om boken

Eit gullbryllaup er ei stor hending! Det er tankefullt også - å få oppleva det. Det er mange fine minne som ligg der, attom oss - saman med nokre undrande tankar. Kva var det? Det som gjorde at nettopp me to, kvar dag fekk kjenna oss så intimt kny…

Oppdag mer

Velg tagger...

    Om Tankar!

    Eit gullbryllaup er ei stor hending! Det er tankefullt også - å få oppleva det. Det er mange fine minne som ligg der, attom oss - saman med nokre undrande tankar. Kva var det? Det som gjorde at nettopp me to, kvar dag fekk kjenna oss så intimt knytte til kvarandre. Og nettopp der - som så mange andre har måtta sleppa taket. Levde me livet vårt, berre som eit barnleg, forblinda par? Kom det aldri ein liten tvil - ein lengt, ein draum mot eitkvart anna? Nei - me kjende aldri nokon trong for å leita og tigga hjå andre, det var så mykje meir - og annleis og finare, det som styrkte banda mellom oss. Særleg den storsinna rausheten som eg opplevde, då eg ikkje greidde å gjere om til inkjes dei fine kjenslene eg framleis bar på, frå mi fyrste forelsking - eg kunne ikkje, eg ville ikkje gløyme « - ho som var den første til å røre ved mi sjel!» Denne rausheten skapte den trygge tilliten - dette ulasteleg fine, som med åra blei så sams og felles for oss begge. Ei fin og ærleg erkjenning var det - ei snill kjensle som kvar dag gav oss ei inderleg glede, for det livet som me fekk oppleve saman. Ein felles song - som skapte eit vakkert venskap mellom oss to. Å ja, best av alt, me levde ærleg - og slik fann me fram til den gjensidige respekten - den frigjerande vørdnaden som etter kvart kom til å gjelde, også for våre mest fortrulege kjensler « - for hun hadde jo, et helt hav av uopplevd kjærlighet å gi en annen!» Det kjendest som ein vakker villblome i handa mi. For - kjære medmenneske! «Det er ikkje sant at kjærleik gjer blind. Kjærleik gjer klok.» Kjærleiken gjorde oss begge to - både mjukare og rikare som menneskje! Det er særleg dette, boka mi - dreier seg om! . Kjell Hetlelid - Apotekar, Spesialist i sjukehusfarmasi. Fødd i Vormedalen i Hjelmeland i 1938. Examen artium ved Bryne offentlege landsgymnas i 1959. Embetseksamen i farmasi i 1963. Tidlegare utgjeve - romanen: «Den gudlause bordbøna!»

    Kundevurderinger

    Totalvurdering: 

    Gi din vurdering: 
    Totalvurdering: 

    Detaljer

    Format
    Innbundet
    Utgivelsesår
    2017
    Forlag
    Kolofon forl.
    Språk
    Nynorsk
    ISBN
    9788230015155
    Sider
    394
    Høyde
    182
    Bredde
    125
    Vekt
    445

    Anbefalt

    Nettleseren din er utdatert

    Mye funksjonalitet på ark.no støttes ikke lenger i Internet Explorer. Vennligst bruk en nyere nettleser.