Hopp til hovedinnholdet

Tankar! - ved eit gullbryllaup

  • Innbundet

  • 2017

  • Norsk, Nynorsk

Eit gullbryllaup er ei stor hending! Det er tankefullt også - å få oppleva det. Det er mange fine minne som ligg der, attom oss - saman med nokre undrande tankar. Kva var det? Det som gjorde at nettopp me to, kvar dag fekk kjenna oss så intimt knytte til kvarandre. Og nettopp der - som så mange andre har måtta sleppa taket. Levde me livet vårt, berre som eit barnleg, forblinda par? Kom det aldri ein liten tvil - ein lengt, ein draum mot eitkvart anna? Nei - me kjende aldri nokon trong for å leita og tigga hjå andre, det var så mykje meir - og annleis og finare, det som styrkte banda mellom oss. Særleg den storsinna rausheten som eg opplevde, då eg ikkje greidde å gjere om til inkjes dei fine kjenslene eg framleis bar på, frå mi fyrste forelsking - eg kunne ikkje, eg ville ikkje gløyme « - ho som var den første til å røre ved mi sjel!» Denne rausheten skapte den trygge tilliten - dette ulasteleg fine, som med åra blei så sams og felles for oss begge. Ei fin og ærleg erkjenning var det - ei snill kjensle som kvar dag gav oss ei inderleg glede, for det livet som me fekk oppleve saman. Ein felles song - som skapte eit vakkert venskap mellom oss to. Å ja, best av alt, me levde ærleg - og slik fann me fram til den gjensidige respekten - den frigjerande vørdnaden som etter kvart kom til å gjelde, også for våre mest fortrulege kjensler « - for hun hadde jo, et helt hav av uopplevd kjærlighet å gi en annen!» Det kjendest som ein vakker villblome i handa mi. For - kjære medmenneske! «Det er ikkje sant at kjærleik gjer blind. Kjærleik gjer klok.» Kjærleiken gjorde oss begge to - både mjukare og rikare som menneskje! Det er særleg dette, boka mi - dreier seg om! . Kjell Hetlelid - Apotekar, Spesialist i sjukehusfarmasi. Fødd i Vormedalen i Hjelmeland i 1938. Examen artium ved Bryne offentlege landsgymnas i 1959. Embetseksamen i farmasi i 1963. Tidlegare utgjeve - romanen: «Den gudlause bordbøna!»

Kan bestilles til 147 butikker

På nettlager (sendes innen 1-3 virkedager)

  • Bytt i alle våre butikker
  • Klikk og hent

Oppdag mer

Lignende bøker

Utvalgte bøker

Recently viewed