Hopp til hovedinnholdet

Språkmøte i barnehagen

  • Pocket

  • 2017

  • Norsk, Nynorsk

Denne boka viser fram det språklege mangfaldet i norske barnehagar. I dagens barnehagar går det barn med ulike språk og dialektar, og nokre har forseinka eller avvikande språkutvikling. Forfattarane diskuterer korleis barn utviklar språk, kva for strategiar dei bruker, og korleis ein kan stimulere språkutviklinga deira. Ulike kartleggingsmetodar og språkstimuleringstiltak blir drøfta i boka.
Dei faglege innsiktene er rikt eksemplifiserte med reelle døme. Målet er at boka skal gi kommande barnehagelærarar kunnskap til å forstå og handtere mangfaldet dei møter i den moderne barnehagen, slik at dei har eit godt utgangspunkt for å kunne arbeide med språk saman med alle barn.
Hovudmålgruppa for læreboka er studentar i barnehagelærarutdanninga, men boka er eigna for alle som arbeider i barnehagen, og ho vil òg vere nyttig for grunnskolelærarstudentar.
Forfattarane i boka: Ann-Kristin Helland Gujord er tilsett ved Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium, Universitetet i Bergen. Magnhild Selås er tilsett ved Institutt for nordisk og mediefag, Universitetet i Agder. Edit Bugge, Dagmar Andrea Cejka og Randi Neteland er tilsette ved Avdeling for lærarutdanning, Høgskulen på Vestlandet.

4.5

Kan bestilles til 147 butikker

På nettlager (sendes normalt innen en uke)

  • Bytt i alle våre butikker
  • Klikk og hent

Oppdag mer

Lignende bøker

Utvalgte bøker

Recently viewed