Hopp til hovedinnholdet

Planlegging for helse og trivsel

  • Pocket

  • 2018

  • Norsk, Nynorsk

Stadig fleire bur i byar og tettbygde strok i landet vårt, og forventingane til gode bumiljø aukar. Samstundes er det kommunale ansvaret for helse og trivsel lovfesta. Denne boka drøfter korleis ein kan inkludere helse og trivsel som viktige premiss i by- og bustadplanlegging, og kva eit slikt utvida helseomgrep inneber.
Helsespørsmål har på ulikt vis alltid hatt plass i bustadplanlegging i Noreg. Den nye folkehelsa, som omfattar trivsel og sosialt samvær og byggjer på ei ny forståing av sjukdom, set nye krav til planlegginga. Boka presenterer lovgrunnlaget for slikt planarbeid, og med bakgrunn i forskingslitteraturen diskuterer forfattarane kva som verkar positivt inn på helse og trivsel i ein planleggingsprosess.
Eit av dei viktigaste helsefremjande tiltaka er å sørge for at folk bur trygt og sunt. Det krev god planlegging på mange område, og samsvarer med to av FN sine mål for verda fram mot år 2030: Å sikre god helse og fremje livskvalitet for alle, og å sikre berekraftige byar og samfunn.
Boka vil vere nyttig for planleggjarar i offentleg og privat sektor, studentar, folkehelsearbeidarar, kommunepolitikarar og alle som er interesserte i ei berekraftig framtid.
Øivind Larsen (f. 1938) er lege og professor emeritus i medisinsk historie ved Institutt for helse og samfunn, Universitetet i Oslo. Ei av spesialinteressene hans er utviklinga av helseoppfatning og helserelaterte levekår.
Gunnar Ridderström (f. 1962) er utdanna sivilarkitekt og planleggjar med doktorgrad om fysisk planlegging og helse. Han er førsteamanuensis ved Institutt for by- og regionplanlegging ved Norges miljø- og biovitenskapelige universitet (NMBU) på Ås og medeigar i Citiplan AS.
Magne Nylenna (f. 1952) er lege, fagdirektør i Folkehelseinstituttet og professor II i samfunnsmedisin ved Universitetet i Oslo. Han har tidlegare mellom anna vore redaktør av Tidsskrift for Den norske legeforening og direktør for Nasjonalt kunnskapssenter for helsetjenesten.
Her kan du lese et utdrag fra boken og se innholdsfortegnelsen.

Kan bestilles til 147 butikker

På nettlager (sendes normalt innen en uke)

  • Bytt i alle våre butikker
  • Klikk og hent

Oppdag mer

Lignende bøker

Utvalgte bøker

Recently viewed