Hopp til hovedinnholdet

I eventyret

Av Olav Duun, del 4 av serien
  • Innbundet

  • 2021

  • Norsk, Nynorsk

Romanserien Juvikfolket kom ut i seks band i åra 1918-23. Den følger slekta frå Juvika frå ei mytisk og ubestemmeleg fortid, og fram til det som var samtid då verket kom ut. Vi møter juviking.ane i kvardag og helg, uår og godt år, barnsøl og gravøl, på fiske og i arbeid med jord og dyr.

I eventyret høyrer til Duuns lysaste romanar. Sjølv om den også inneheld overtru, skuffingar, einsemd og såre opplevingar, ligg det ein stor blå himmel over vesle Odin og livet hans i Kjelvika, der han undrast over den levande naturen, leiker med skjel, utforskar farar og får sine første kjærleiksmøte.

I eventyret er fjerdet bandet av Juvikfolket, og det første om Odin Setran, som kjem til å bli hovudperson i resten av serien. Mange tilrår nye Duun-lesarar å begynne med nettopp denne boka, som utan tvil høyrer til blant dei store barndomsskildringane i norsk litteratur, side om side med Aksel Sandemoses om Espen Arnakke, Johan Borgens om Lillelord og Torborg Nedreaas' om Herdis.

Med Juvikfolket fekk Olav Duun sitt store gjennombrot. Her føreligg fjerde bandet,
som har 100-årsjubileum i 2021. Etterord ved Beatrice M. G. Reed

Tilgjengelig i 86 butikker

På nettlager (sendes normalt innen 1-2 virkedager)

  • Bytt i alle våre butikker
  • Klikk og hent

Oppdag mer

Lignende bøker

Utvalgte bøker

Recently viewed