Hopp til hovedinnholdet

Ein far til overs - dikt

  • Innbundet

  • 2022

  • Norsk, Nynorsk

I denne diktsamlinga undersøkjer Sondre H. Bjørgum narrativet til far. For ein far kjem i mange utgåver. Han skriv om kva far burde være og kva far ikkje vart. Og om far som mannar seg opp og tek seg saman.

Desse dikta er om forventning, om kjærleik på avvege, om klasse og kjønna fedreskap og nærleik som forsvinn når far går med nasa trykt ned i mobilskjermen. Om far som tastar med det eine auga, set på kaffien med det andre, nyheitsoppdaterer seg med tredje og vekkjer borna med det fjerde, kommenterer stories med det femte, heller mjølk i koppen med det sjette og trykker like med det sjuande.

Sondre H. Bjørgum spør: Kva far skal ein vera for sine små og store? Kor mange fedre kan far vera? Og kva skjer med ein far som ikkje virker lenger?
Ein far til overs er eit angreps- og forsvarsskriv for far.


ein far
som ikkje er i bruk lenger

ein far
som ikkje er i virke

ein uverkeleg
far

ein far til overs

«Denne diktsamlingen er bare gull - anbefales!» - Hedvig Montgomery

Tilgjengelig i 106 butikker

På nettlager (sendes innen 1-2 virkedager)

  • Bytt i alle våre butikker
  • Klikk og hent

Oppdag mer

Lignende bøker

Utvalgte bøker

Recently viewed