Hopp til hovedinnholdet

Maur - roman

  • Pocket

  • 2000

  • Norsk, Nynorsk

Maur er ei kulturhistorisk folkelivsskildring som dekkjer dei første tjue åra av førre hundreåret, den gongen det moderne samfunnet begynte å ta form med elektrisk kraft og industrialisering, jernbaneutbygging og rallarliv, oppbrot og uro i det stilleståande bondesamfunnet, overgang frå naturalhushald til pengehushald for heile nasjonen. Mange har skildra denne brytingstida før, i spenningsfeltet mellom tradisjon og fornying, og det skal godt gjerast å skildre det betre enn Hamsun, Duun og Uppdal. Derfor blir det både feil og urettferdig å bruke desse namna som målestokk for Torbjørn Hovdes roman. Likevel er det tydeleg at han har lært av dei gamle meistrane, spesielt av Hamsun, og den hyllinga han gir det moderne gjennombrotet og det store hamskiftet, er både tvitydig og reflektert kring det som gjekk tapt gjennom det store skiftet og den nye tida som rulla over landet. Somme skodde seg på denne utviklinga som opna for dei sterke individualistane og gründarane, somme blei valsa ned utan at dei skjønte kva som hende før alt var for seint. Opptur og nedtur Hovudpersonen Sander Bergmo er ein av dei som taper på framsteget. Han får ein opptur når jernbanen kjem til bygda og bygdebyen veks fram. Han bygger seg opp ved hjelp av vennen og vagabonden Wollert Bendiksen, anleggsformann og tusenkunstnar, ein som beherskar formlane for både den gamle og den nye tida, ein kvervelvind av tiltakslyst og arbeidsiver. Problemet er at Wollert Bendiksen er ustadig som vinden, han har ei uro i blodet som driv han frå stad til stad, og etter nokre år i Lidalen, som er handlingssentrum, reiser han vidare, kjem tilbake og reiser på nytt som ein August vi kjenner frå Hamsuns landstrykartrilogi. Sander Bergmo greier seg ikkje utan Wollert, Wollert greier seg derimot godt utan Sander Bergmo. Her ligg tragedien i romanen, fint og nyansert skildra som opptur og nedtur for Sander. Han startar bakeri, han bygger stort og leiger ut, han låner pengar, han feilinvesterer i ei usikker tid, og han taper alt og ender som streikebrytar på trevarefabrikken, som gullgravar i Lidalselva, som syklande brødseljar, som nyfrelst etter vekkingsmøta på Lidalsloftet, ein møtestad i bygda, og i sluttscenen går han ut av romanen med lommene fulle av stein med kurs mot vatnet. Det er noko gripande over Sanders lagnad, sjølv om den er skildra med ein viss ironi, spesielt i forhold til Sander Bergmo som oppkomling og knotande bygdesnobb med jålete fakter og mangel på sosial sjølvtillit. Likevel bevarer han ein siste snev av sjølvrespekt: heller gå på vatnet enn å ende på fattigkassa.

Ikke tilgjengelig for Klikk&Hent

På nettlager (bestillingsvare. Sendes normalt innen 2 uker)

  • Bytt i alle våre butikker
  • Klikk og hent

Oppdag mer

Lignende bøker

Utvalgte bøker

Recently viewed