Hopp til hovedinnholdet

Hamlet

  • Pocket

  • 2016

  • Norsk, Nynorsk

Shakespeares "Hamlet" bygger på segna om danske prins Amled og vart trykt første gong i ein kort versjon i 1603. Verket står framleis som det mest kjende hemndramaet i verdslitteraturen. Prins Hamlet kjem heim til eit krigstruga Danmark der onkelen sit på trona etter å ha myrda kongen og gifta seg med dronninga, mor til Hamlet. Hamlet blir sliten mellom trongen til å hemne faren og å bevara sin eigen moralske integritet. Men spelar han galen eller er han galen? Hamlet har vore utgitt på norsk i sju ulike gjendiktingar. Av desse er to til nynorsk: Henrik Rytters gjendikting frå 1933 og Hartvig Kirans frå 1967. Edvard Hoem har tidlegare gjendikta fleire skodespel av William Shakespeare: "Kong Lear", "Romeo og Julie", "Kjøpmannen i Venezia", "Troilus og Kressida", "Othello", "Når trollet skal temmast", "Richard III", "Macbeth", "Som du vil", "Richard II" og "Henrik IV", del I og II. Det er såleis ein moden gjendiktar som no gir oss "Hamlet" i ei saftig og vakker nynorsk språkdrakt.

Tilgjengelig i 2 butikker

På nettlager (sendes innen 1-2 virkedager)

  • Bytt i alle våre butikker
  • Klikk og hent

Oppdag mer

Lignende bøker

Utvalgte bøker

Recently viewed