Hopp til hovedinnholdet

Rasmus Løland - barnebokpioneren frå Ryfylke

  • Innbundet

  • 2007

  • Norsk, Nynorsk

Rasmus Løland (1861-1907) frå Hylsfjorden i Ryfylke er ein pioner i norsk barnelitteratur. Han kom frå eit ressurssterkt gardsmiljø, viste tidleg talent for skriving, men var heile sitt korte liv ramma av sjukdom. Alt som 17-åring leverte han sine første bidrag til Fedraheimen, men debuterte først 30 år gamal i 1891 med boka Folkeliv. Løland skreiv i alt nærare 30 bøker, forteljingar, skodespel og romanar, både for born og vaksne. Han blir rekna som ein av dei første realistane i norsk barnelitteratur. I forteljingar som Paa sjølvstyr og Det store nashorne tar han barnets synsvinkel og skriv konkret og jordnært, utan moralistiske overtonar. Løland flytta til Kristiania i 1897 og blei ein sentral person i det nynorsk-intellektuelle miljøet i byen. Han var medarbeidar i avisa Den 17de mai, var aktiv i målrørsla og redaktør av Norsk Barneblad. Dei siste leveåra budde han på Labråten ved Hvalstad, som næraste nabo til Arne og Hulda Garborg. Han døydde 46 år gamal av tuberkulose. Ernst Berge Drange (f. 1954) er etnolog, lokalhistorikar og bygdebokskrivar. Til arbeidet med biografien om Rasmus Løland har han gått gjennom eit enormt og unikt kjeldemateriale, bl.a. tusenvis av handskrivne dagbokblad frå forfattaren. Slik gir biografien eit levande bilete av Lølands barndoms- og oppvekstmiljø, men også eit unikt innblikk i korleis den uredde fritenkjaren og radikalaren Løland levde, skreiv, debatterte og fortvilte i det særeigne Kristianiamiljøet han var ein del av.

Tilgjengelig i 6 butikker

På nettlager (sendes normalt innen 1-2 virkedager)

  • Bytt i alle våre butikker
  • Klikk og hent

Oppdag mer

Lignende bøker

Utvalgte bøker

Recently viewed