Hopp til hovedinnholdet

Valskyldskapane

  • Fleksibind

  • 2019

  • Norsk, Nynorsk

Goethe var overtydd om at alle fenomen i den levande naturen var knytte til kvarandre, og karakteristisk for denne romanen, som for fleire av verka til Goethe, er blandinga av litteratur med naturvitskaplege tema. Valskyldskapane skildrar ein kollisjon mellom moral- og naturlovene. Utgangspunktet for romanen var teorien til den svenske kjemikaren Torbern Olof Bergman, som skildrar korleis to og to kjemiske bindingar vert løyste opp og så smeltar saman på tvers av elementa. Goethe overfører dette fenomenet, som vart kalla «valskyldskap», til dei fire hovudfigurane i romanen, to kvinner og to menn. Dette grunnkonseptet er basert på at naturkreftene som også kan tolkast som kjensler og lengt, overstyrer fornufta, moralen og dei tronge, tradisjonelle rammene i samfunnet. Goethe såg sjølv på Valskyldskapane som eit av sine mest vellykka verk. Med romanen skreiv den elles så positivt innstilte bestseljarforfattaren sin einaste eigentlege tragedie. Han brukte element frå den greske tragedien, kombinert med element frå romantikken, som han sjølv var ein uttalt motstandar av, og enkelte har lese verket som ein parodi på romantikken. - Det er ikkje ei einaste linje i Valskyldskapane eg ikkje kunne ha opplevd sjølv, sa forfattaren nokre år før sin død, og overlét tolkinga av i kva grad det er Goethe sjølv vi møter i boka, til lesaren.

Tilgjengelig i 7 butikker

På nettlager (sendes normalt innen 1-2 virkedager)

  • Bytt i alle våre butikker
  • Klikk og hent

Oppdag mer

Lignende bøker

Utvalgte bøker

Recently viewed