Hopp til hovedinnholdet

Bomullsengelen - roman

  • Pocket

  • 2024

  • Norsk, Nynorsk

Rikt storverk om kvinneliv gjennom fire generasjonar Hilda blir fødd i 1905 og veks opp på garden Sorola i Österbotten, i ei tid der Finland er prega av uår og krig. Mor fekk stiresjuka etter fødselen og er bortanfor alt. Far er i Amerika. Men Hilda er ikkje einsam, ho har katten Kisuli og eldgamle, gudfryktige Sanna-täti som tar hand om alt. Då Hilda blir større, hamnar ho i ulykka og må reise frå tryggleiken heime for å gå i teneste på ein annan gard. Det er tungt arbeid frå morgon til kveld, fritid kan ho sjå langt etter, og ho kjenner arbeidet på kroppen sjølv om ho enno ikkje er fylt tjue. På garden er også Helli, som blir hennar beste ven. Helli forstår ikkje kvifor nokon må slite så hardt for andre, og tar med seg Hilda til Vasa, til den oransjefarga bomullsfabrikken og ein lovnad om eit anna liv. Bomullsengelen er første bok i ein kraftfull kvartett om liv, arbeid og lengt for kvinner i Finland og Sverige på 1900-talet. Dette er ei forteljing om krig og fred, kjærleik og venskap, der kvardagsliv og verdspolitikk er trådar i same veven.
Frå svensk ved Runa Kvalsund.

Tilgjengelig i 12 butikker

På nettlager (sendes normalt innen 1-2 virkedager)

  • Bytt i alle våre butikker
  • Klikk og hent

Oppdag mer

Andre kunder liker også

Kanskje du også vil like

Mer av dette

Nylig sett