Hopp til hovedinnholdet

Lothepus-manualen - Tipsa du treng om pengar, kjærleik, dynamitt – og anna spetakkel

I denne boka har Lothepus plukka ut praktiske triks som er jækla kule å kunna, og han gir deg kloke livsråd som er gode å ha. Les nokre av tipsa og triksa frå boka her!
Publisert31. okt. 2025
TekstRedaksjonen
Lothepus-manualen - Tipsa du treng om pengar, kjærleik, dynamitt – og anna spetakkel

Om du vil læra korleis du skal sløya fisk og handtera ei sag, eller å investera pengar, pakka tursekken og gjera deg klar til jobbintervju, då har Lothepus tipsa og triksa du treng, og dei deler han i denne boka.

I Lothepus-manualen får du også kloke livsråd om tillit, samliv og prestasjonsangst – og kva du gjer den dagen tankane er så tunge at du ikkje orkar å stå opp.

Bokomslag for "Lothepus-manualen av Leif Einar Lothe og Heidi Molstad Andresen"

Lothepus-manualen

Av Leif Einar Lothe og Heidi Molstad Andresen

3 tips frå boka:

ER VEDEN TØRR?

Er du usikker på om veden er tørr, kan du forresten smørja litt Zalo midt på kortenden på vedkubben og blåsa inn i vedtreet frå den andre kortenden. Viss veden er tørr, er porene i vedkubben tomme for vatn. Det gjer at du kan blåsa rett gjennom kubben og få ei såpebobla på den andre sida.

GÅ OG LEGG DEG!

Somme forklarar den dårlege døgnrytmen sin med at dei er B-menneske. Men jobbar du nok og legg deg tidleg, så sovnar du. Om du ikkje er trøytt, så har du vel jobba for lite, då.

Å sitja på PlayStation og surra til to–tre om natta når du skal opp klokka sju, fungerer dårleg for alle. Same kva du gjer, må du leggja deg i rett tid og stå opp til rett tid. Lær deg å stå opp ein halvtime før og få på kaffien, vask deg i trynet og stapp ein tannkost i kjeften. Då får du så mykje

meir liv. Det er greitt at du skal vera på jobb hjå meg klokka sju, men då skal maskinene mine gå. Du kan ikkje koma fem over sju og ta til å fyra opp gravemaskina. For då står det alt to lastebilar og går og ventar på deg, og då tapar eg pengar som fan. Kom eit kvarter før, fyr opp bilen, ta ein kopp kaffi og prat med dei andre. Det du ikkje har fått gjort mellom 7 og 11 om

dagen, tek du heller aldri igjen.

Generelt er det mykje betre å vera tidleg ute enn å vera seint ute. Eg hatar å vera seint ute. Er du strukturert, får du eit mykje betre liv alt i alt. Du får deg også ein betre kjærast. Det er ingen som er interessert i slabbedaskar. Du kan vera så kjekk du berre vil, men om du går rundt og slaurar, blir det verken pengar eller kvinnfolk.

SAMTYKKE. ALLTID.

Du må fan aldri liggja med noken om dei seier nei. Og er det nei, så må du vera tøff nok og gi deg. Då må du slutta tvert, sjølv om du har fått av deg kleda. Då er det berre å kle på seg att.

Og ja, du må alltid spørja fyrst! Du legg deg heller aldri ned med ei dama som kubbar eller

er i ferd med å sovna. Det gjer du berre ikkje. Du må ha sjølvrespekt. Viss dama er dritings og verkar som ho er med, skal du også droppa det. For då kan du hamna i ein situasjon som endar med å bli veldig alvorleg. Om ho likar deg, kjem ho vel tilbake dagen etter, tenkjer eg.