
«Aldri har vel den norske songskatten blitt tolka på ein finare måte», sa Spelemann-juryen då kråkebiks songbok kom ut med eit brak for 25 år sidan.
No har Herborg utvida songskatten og fått kopla han med nokre av dei mest markante bileta i norsk målarkunst, henta frå Nasjonalmuseet. Resultatet?
Ei praktbok so viser oss den norske kulturarven på nytt og personleg vis:

- Vi vandrar saman er ei bok der de kan oppdaga nokre av dei kjæraste norske songane og mest kjende måleria frå Nasjonalmuseet. Kvar song har fått sitt bilde – og kvart bilde sin song. Eg har skrive ein tekst om kvart par der eg forklarer kvifor eg synest nettopp desse to høyrer saman – for meg. Det kjem også notar med songane. Eg håpar at folk vil spela og syngja dei, og at boka kan minne oss alle om forteljingane og kulturen me kjem ifrå. Sjølv har eg vore oppteken av dette arvegodset så lenge eg kan hugsa, og eg har hatt stor glede av å framføra songane både på album og på scene.
Helsing frå Herborg Kråkevik