«Eit storslått utsyn over norsk etterkrigshistorie endar i tankevekkande spørsmål. […] Olstad klarer seg godt. Innanfor moderate 484 sider framstiller han 70 års norsk historie med skarpt blikk ikkje berre for dei store endringane i politikk og økonomi, men også for dei små og store ting som prega folks kvardag, og som lesarane, i alle fall over ein viss alder, vil nikka gjenkjennande til (Når var det eigentleg Globoid-tabletten forsvann?) […] Med utgangspunkt i ei stor mengd historikararbeid skildrar Finn Olstad desse endringane nøkternt, med solid dokumentasjon, godt språk og treffande observasjonar.»


















