Av Guri Sørumgård Botheim, Marie Havnen, Knut Hoem, Knut Olav Homlong, Idun A. Husabø, John Martin Høines, Marita Liabø, An-Magritt Lindtner, Oddrun Midtbø, Audhild Gregoriusdotter Rotevatn, Katrine Sele, Sigbjørn Skåden, Ingrid Rognes Solbu, Terje Torkildsen, Øystein Vangsnes, illustrert av Oddleiv Apneseth, 2013.
Med to skriftspråk, samt samisk og kvensk, har Noreg ein lang tradisjon som fleirspråksland. I nyare tid har dette blitt forsterka gjennom innvandring og utviding av internasjonale relasjonar, og det siste tiåret har om lag 200 språk vore i bruk i Noreg. Dokumentarprosjektet Det fleirspråklege Noreg viser eit samtidsbilete av språkbruken i den norske kvardagen. Gjennom 30 portrett gir boka eit innblikk i det fleirkulturelle Noreg og viser at fleirspråklegheit i dag heller er regel enn unnatak. Skribentar over heile landet har fanga inn livshistorier og refleksjonar rundt det å leve med fleire språk. Fotografen Oddleiv Apneseths unike og vake blikk gir liv til dei varierte historiene. Kombinasjonane er mangfaldige: Den filippinske asiabutikkeigaren i Førde brukar morsmålet berre når ho verkeleg må. Den marokkanske faren snakkar konsekvent berbisk med sonen sin under fotballtreninga, medan han samstundes snakkar norsk til dei andre barna. Og vi møter den samisk-kvenske tromsværingen som først i vaksen alder lærde å forstå språka som ho var omgitt av i oppveksten. Den faglitterære teksten av språkforskar Øystein A. Vangsnes set dokumentarprosjektet i eit større perspektiv.
Ved å fullføre kjøpet aksepterer jeg kjøpsvilkårene.
Kan bestilles til 146 butikker
På nettlager. Sendes innen 1-3 virkedager.

Ved å fullføre kjøpet aksepterer du kjøpsvilkårene.