storslått natur - pulserande næringsliv - norrøn historie = magnificent scenery - vibrant business life - rich Norse history = herrliche Natur - blühende Wirtschaft - reiche nordische Geschichte
Tidleg på 1100-talet var Etne kjent som «kongsbygda» i Noreg. Dette har mellom anna gjort at kommunen opp gjennom tidene har teke godt vare på den unike og spanande historien vi nå kan sjå tilbake på.
Men Etne kommune er så mykje meir enn historie. Denne vesle særprega kommunen lengst sør i Vestland fylke, syner seg å vera ein kommune med blomstrande, variert og mangfaldig næringsliv, i tillegg til ein «stor» jordbruks- og husdyrkommune.
Når kommunen også ligg midt i «smørauga» av storslått og vakker Vestlandsnatur, er det heller ikkje vanskeleg å forstå at turisme og naturopplevingar står høgt på lista.
I tillegg til å syna deg dei to store hovedsentera, Etne og Skånevik, tek boka deg med gjennom mange og særprega tettstader på reisa frå vest til aust i kommunen; heilt frå idyllisk badeliv ved fjordkanten til vill og utfordrande høgfjellsnatur.
GOD REISE !