Hopp til hovedinnholdet
Faner i den frilynde ungdomsrørsla

Faner i den frilynde ungdomsrørsla


340 sider. Gjennomillustrert leksikon med faner i ungdomslag over heile landet. Faglege artiklar om fanekunsten, tradisjonane, utvalte fanekunstnarar. Faner i den frilynde ungdomsrørsla er eit leksikon med over 460 faner, mange av dei er presenterte med både framsida og baksida. Her er ungdomslagsfaner frå kvar einaste kommune i heile landet. Fanene viser visjonen i ungdomslaga og på landsplan. Det kan vere store ord, ord som peikar framover. Også faner i ungdomslag om ikkje er med i Noregs Ungdomslag er tatt med i dette rause gjennomillustrerte verket. Profesjonelle kunstnarar som Nikolai Astrup, Ole Ekornes d.e. og d.y., Bergslien-brørne og Louis Kvalstad er i godt selskap med dyktige husflidutøvarar og lokalt og regionalt kjente kunstnarar. Boka byr på ei kulturhistorie få eller ingen andre rørsler kan vise maken til. Det er også eigne kapittel om fanetradisjonen, utvikling av bildespråket, kva fanene fortel, fanekunstnarar, faneord, lagsnamn, lagsregister og solide kjeldetilvisingar. I mange år har Asbjørn Thomassen (1938-2013), tillitsvalt og tidlegare redaktør og internasjonal rådgjevar i Noregs Ungdomslag, systematisk samla opplysningar og foto og skrive meste av boka. Forfattaren, journalisten og lektoren Liv Marit Idsø (1950 -) har fullført arbeidet, og begge har hatt god hjelp av ungdomslagsfolk landet rundt. Boka Faner i den frilynde ungdomsrørsla er gitt ut av Bokbyen Forlag i samarbeid med Noregs Ungdomslag.

InnbundetNorsk, Nynorsk
450,-

Ved å fullføre kjøpet aksepterer jeg kjøpsvilkårene.

Tilgjengelig i 1 butikk

På nettlager. Sendes innen 2-3 virkedager.

Produktinformasjon
Format
Innbundet
Utgivelsesår
2014
Første salgsdato
13.10.2014
Forlag
Bokbyen
Språk
Norsk, Nynorsk
Emne
Ungdomstid
Antall sider
335
ISBN
9788283160079
Kundevurderinger

0

0 vurderinger

0%
0%
0%
0%
0%

Din vurdering

Logg inn for å se eller gi din vurdering.

Kundevurderingene er skrevet av verifiserte kjøpere. Det betyr at produktet som vurderes må være kjøpt hos ARK og registrert på brukers profil. For å registrere kjøp gjort i butikk, må man være ARK-venn.

Mer om kundevurderinger i ARK