Hopp til hovedinnholdet

Forsvarstale for eit vondt menneske - ei norsk kvinnehistorie frå 1700-talet

  • Innbundet

  • 2025

  • Norsk, Nynorsk

Ei nådelaus kvinne. Eit liv utan tilgiving.

Kari Knutsdotter drap fire av dei fem barna sine. Ho tok livet av sin eigen ektemann - og kona til elskaren sin. Ho laug. Ho bedrog. Ho dikta og manipulerte. I 1771 vart ho halshoggen, dømd som ein av Noregs mest omsynslause mordarar. Men kven var ho - eigentleg? Og kva var det som skapte eit menneske i stand til så grufulle handlingar?

I denne gnistrande og urovekkande forteljinga tek Jørn Øyrehagen Sunde oss med inn i eit mørkt kapittel av norsk retts- og kvinnehistorie. Med skarpt blikk og historisk innsikt skriv han fram eit forsvar for ein person som knapt fortener det - men som likevel tvingar oss til å stille spørsmålet: Kvar kjem det vonde frå?

Kari Knutsdotter er for lengst død og gløymd, men kanskje kan livet og vala hennar tene som ein spegel vi kan sjå oss sjølve i - og gjera oss merksame på kjeldene til vondskap i vår eiga samtid.

    Ikke tilgjengelig for Klikk&Hent

    Forhåndsbestill

    Forventes i salg 01.10.2025

    • Bytt i alle våre butikker
    • Klikk og hent

    Oppdag mer