Kald krigs kviskring - barndom under den kalde krigen
Innbundet
2017
Norsk, Nynorsk
Nytt blikk på etterkrigstida! «Eg trudde lenge at eg voks opp i ei roleg tid på ein stad verna for verda. Larmen frå andre verdskrigen var stilna. Atomprøver small i den tidlege kalde krigen, men smella var langt borte.» Slik tenkte historikaren Arnhild Skre lenge om barndommen sin i 1950-åra. Men no, med barndommen på avstand, har ei uro slått inn og skapt tvil. Kanskje levde ho også ein kaldkrigsbarndom? Norsk NATO-medlemskap frå 1949. Frykta for atombomba. Koreakrigen 1950-1953. Kommunistjakt. Cubakrisa i 1962. I denne nyskapande og velskrivne essaysamlinga utforskar Skre korleis desse hendingane var med og forma norske barnesinn etter andre verdskrigen. I Kald krigs kviskring blir idyllisk etterkrigsbarndom omskapt til forteljingar om kvardagslusking, forteiing, angst for atomkrig. Og om ein kaldkrigsmentalitet som velta rundt på norsk daglegliv og kultur.
Tilgjengelig i 31 butikker
På nettlager. Sendes normalt innen 1-2 virkedager.
- Bytt i alle våre butikker
- Klikk og hent