Hopp til hovedinnholdet
Mur, far og dotter

Mur, far og dotter - ei bok om tørrmurring


På Litlebergen i Vestland bur Haakon Aase, Noregs kanskje fremste tørrmurar. I Oslo sit dotter hans og kjenner på eit ansvar for å ta vare på arven etter faren. Ho vil lære seg å mure med stein. Tørrmuring er ein av dei aller eldste byggjeteknikkane til menneska, og har lange tradisjonar i Noreg. Du ryddar marka, fjellsida eller åkeren fri for stein og nyttar han til å byggje gjerder, bakkemurar, hus, bruer, vegar. Utan mørtel, berre stein, heilt tørt. Det er både berekraftig og miljøvennleg. I dette bokprosjektet er arkitekten Kjersti Aase Winjum læresvein, og faren er læremeister. Saman murer dei ein støttemur på garden hans, etter same grunnprinsipp og med same materiale som ein vestnorsk jarnalderbonde nytta til langhuset sitt, som inkaene mura husa sine med og som ein middelaldermurar frå det gamle Store Zimbabwe bygde bymurar med. Den raude tråden i boka er samtalane mellom far og dotter på byggjeplassen - ei slags direktesending av handlingsbåren kunnskapsoverføring. Dette gjer eit heilt unikt innblikk i korleis handverkstradisjonar i praksis blir nedarva frå generasjon til generasjon. I tillegg til å vise fram korleis handlingbåren og immateriell kultur i praksis blir tradert frå generasjon til generasjon, kjem boka med ei grundig framstilling av både faget, historia og framtidsutsiktene til tørrmuring i Noreg - og er samstundes eit portrett av ein av Noregs dyktigaste kulturhandverkarar. Med foto av Morten Spaberg og illustrasjonar av Kristian Krogh-Sørensen.

InnbundetNorsk, Nynorsk
Butikkpris: 399,-
363,-

Ved å fullføre kjøpet aksepterer jeg kjøpsvilkårene.

Tilgjengelig i 2 butikker

På nettlager. Sendes normalt innen 1-2 virkedager.

Winjums bok er ei levandegjering av såkalla taus kunnskap, som er blitt overlevert frå generasjon til generasjon.

Jan Nyberg, Bok365
Produktinformasjon
Format
Innbundet
Omslag designet av
Kristian Krohg-Sørensen
Illustrert av
Kristian Krohg-Sørensen
Utgivelsesår
2022
Første salgsdato
26.09.2022
Forlag
Skald
Språk
Norsk, Nynorsk
Antall sider
191
Høyde
248 mm
Bredde
176 mm
Lengde
19 mm
Vekt
560 g
ISBN
9788279593478
Kundevurderinger

5

3 vurderinger

100%
0%
0%
0%
0%

Din vurdering

Logg inn for å se eller gi din vurdering.

Kundevurderingene er skrevet av verifiserte kjøpere. Det betyr at produktet som vurderes må være kjøpt hos ARK og registrert på brukers profil. For å registrere kjøp gjort i butikk, må man være ARK-venn.

Mer om kundevurderinger i ARK
Anmeldelser

Winjums bok er ei levandegjering av såkalla taus kunnskap, som er blitt overlevert frå generasjon til generasjon.

Jan Nyberg, Bok365

Denne boken formidler kva som trengs av redskap for å bygge en mur på en måte som gir respekt for et gammalt håndverksfag.

Gro Jørstad Nilsen, Bergens tidende