Hopp til hovedinnholdet
Når musikken tek form

Når musikken tek form

Redigert av Anja Nylund Hagen, Michael Francis Duch, Ragnhild Torvanger Solberg, Torgeir Uberg Nærland, 2025.


om skapande praksisar i musikk

Musikk blir skapt til ulike formål, i ulike rom, av ulike aktørar og i prosessar der eit mangfald av metodar, materiale, teknologiar og formidlingsformer blir tekne i bruk. Vidare kan skapande praksisar handle om musikk som partitur eller skrift, musikk som innspelt eller levande lyd eller musikk som utøvande, improvisert eller kroppsleg handling. Men kva kjenneteiknar eigentleg dei måtane musikk blir skapt på i Noreg i vår tid?

I tolv artiklar undersøker Når musikken tek form. Om skapande praksisar i musikk korleis og innanfor kva kontekstar musikk blir komponert, skapt og produsert i dag. Særleg tre tematikkar gjer seg gjeldande i dei skapande musikkpraksisane som artiklane tek føre seg: i) utvikling, utviding og utforsking av forståingar og arbeidsmetodar, ii) samskaping og kollektive skapingsprosessar og iii) musikkteknologiske praksisar.

Artiklane studerer musikk både innanfor og på tvers av ulike musikkfelt, fagtradisjonar og musikksjangrar, inkludert folkemusikk, improvisasjon, popmusikk, musikkteknologi, samtidsmusikk, tidlegmusikk, partiturmusikk, elektroakustisk musikk og postakusmatisk musikk. Detaljerte skildringar av arbeidsmetodar og kompositoriske strategiar blir kombinerte med studiar og diskusjonar som undersøker overordna perspektiv på omgrepsforståingar, utviklingstrekk, tradisjonar og kulturelle og samfunnsmessige forhold.

Når musikken tek form. Om skapande praksisar i musikk spring ut av forskingsprogrammet Skapende praksiser i musikk (2021–2024), som er igangsett av Kulturrådet.

PocketFlerspråklig
Butikkpris: 449,-
408,-

Ved å fullføre kjøpet aksepterer jeg kjøpsvilkårene.

Kan bestilles til 146 butikker

På nettlager. Sendes innen 1-2 virkedager.

Oppdag mer

Produktinformasjon
Format
Pocket
Utgivelsesår
2025
Første salgsdato
04.03.2025
Forlag
Fagbokforlaget
Språk
Flerspråklig, Norsk, Bokmål, Norsk, Nynorsk, Engelsk
Antall sider
489
Høyde
200 mm
Bredde
140 mm
Lengde
36 mm
Vekt
726 g
ISBN
9788245047240
Kundevurderinger

0

0 vurderinger

0%
0%
0%
0%
0%

Din vurdering

Logg inn for å se eller gi din vurdering.

Kundevurderingene er skrevet av verifiserte kjøpere. Det betyr at produktet som vurderes må være kjøpt hos ARK og registrert på brukers profil. For å registrere kjøp gjort i butikk, må man være ARK-venn.

Mer om kundevurderinger i ARK
408,-

Ved å fullføre kjøpet aksepterer du kjøpsvilkårene.