Hopp til hovedinnholdet
Noregs største steinras

Noregs største steinras - Tjelle-skredet 1756

Av Astor Furseth, 2021.Del av serien Krisetid.


For å forstå oss sjølve og tida vi lever i, må vi også forstå historia. I pamflettserien Krisetid fortel nokre av dei fremste fagfolka i landet korleis menneska har opplevd og takla kriser tidlegare. Som bøkene viser, er historia full av elende og vondskap, men også lys og håp. Søndagskvelden 22. februar 1756 gjekk det største steinraset i Noregs historie. Delar av Tjellefjellet i Nesset i Møre og Romsdal rasa ut i fjorden. Vi kjenner hendinga blant anna gjennom dagboka til presten Kristian Morsing. Han og fleire andre hadde lenge undra seg over djupe drønn frå Tjellefjellet, men utan å forstå kva som var i gjære. Det vart ei redselsnatt. Minst tre store flodbølgjer følgde raset. Bølgjene slo 200 meter opp på land. Bygningar og båtar vart tekne av vatnet. Først morgonen gjekk det opp for folk kva som hadde skjedd. 32 menneske hadde mista livet. Dette er ei forteljing om raset og flodbølgjene, men også om kor ulikt ulykka råka. Her som så ofte ved naturkatastrofar, var det småkårsfolket som leid mest. Dette handlar også om tida etterpå. Slike katastrofer følgjer eit nokså tydeleg mønster: I nesten alle tilfelle er det vanleg å vende tilbake og byggje opp att på den same staden. Typisk er også gløymsla. Etter ein kort periode vart det stille om dette raset. Det største steinraset i norsk historie vart så godt som gløymt. Astor Furseth (f. 1940) er skredhistorikar og har vore tilknytt Norges geologiske undersøkelse, der han har forska på skred og andre naturkatastrofer i historisk perspektiv. Han har skrive både skjønnlitteratur og fagbøker, mellom anna Skredulykker i Norge og Dommedagsfjellet om Tafjordulykka.

Innbundet
Pocket
E-bok
Lydbok

Språk: Norsk, Nynorsk

249,-

Ved å fullføre kjøpet aksepterer jeg kjøpsvilkårene.

Digital e-bok

E-bøker legges i din ARK-app. De kan også lastes ned fra Din side.

Produktinformasjon
Format
E-bok, nedlastbar (Epub)
Kopibeskyttelse
SDRM
Utgivelsesår
2021
Første salgsdato
08.11.2021
Forlag
Samlaget
Språk
Norsk, Nynorsk
Antall sider i tilsvarende trykt utgave
92
Serie
Krisetid
ISBN
9788234007132
Kundevurderinger

0

0 vurderinger

0%
0%
0%
0%
0%

Din vurdering

Logg inn for å se eller gi din vurdering.

Kundevurderingene er skrevet av verifiserte kjøpere. Det betyr at produktet som vurderes må være kjøpt hos ARK og registrert på brukers profil. For å registrere kjøp gjort i butikk, må man være ARK-venn.

Mer om kundevurderinger i ARK
249,-

Ved å fullføre kjøpet aksepterer du kjøpsvilkårene.