Hopp til hovedinnholdet
Sandfolket

Sandfolket - om fraktemenn i fjordafart og dei som sat heime og venta på papen


I over hundre år var sand og sandfart den viktigaste levevegen for folket inst i Osterfjorden. Næringa gav arbeid og inntekt til mange både på sjø og land. I denne boka møter du nokre av dei som på godt og vondt tilhøyrer denne historia.

Dette er ei bok om singel og sand. Men det er like mykje ei bok om folk, fjordafolk som opplevde eit eventyr som skulle vara i godt over hundre år. Det er historier om dei som «reiste på sanden», om dei som grov singel og sand frå bakkane sine og om kvinner og ungar som gjerne skulle hatt mennene og fedrane sine litt meir heime.

Forfattarane Inge og Jarle Kallestad har bakgrunn som journalistar i radio og avis. Brørne vaks opp i Stamnes, i ei tid då lyden av fleire titals sandfartøy fortalde at det lei mot helg. I vekene var det kvinnene som styrte heime, medan mennene reiste i fjordafart med lasterom fulle av singel og sand.

Boka er komen i stand på initiativ frå Veteranklubben Sjøtun, som i årevis har vore ein samlingsstad for fartøyfolk med gode historier om ei tid som var og som aldri kjem igjen.

InnbundetNorsk, Nynorsk
299,-

Ved å fullføre kjøpet aksepterer jeg kjøpsvilkårene.

Tilgjengelig i 2 butikker

På nettlager. Sendes normalt innen 1-2 virkedager.

Produktinformasjon
Format
Innbundet
Utgivelsesår
2025
Første salgsdato
18.11.2025
Forlag
Leirfuglen forlag
Språk
Norsk, Nynorsk
Antall sider
144
ISBN
9788294139019
Kundevurderinger

0

0 vurderinger

0%
0%
0%
0%
0%

Din vurdering

Logg inn for å se eller gi din vurdering.

Kundevurderingene er skrevet av verifiserte kjøpere. Det betyr at produktet som vurderes må være kjøpt hos ARK og registrert på brukers profil. For å registrere kjøp gjort i butikk, må man være ARK-venn.

Mer om kundevurderinger i ARK
299,-

Ved å fullføre kjøpet aksepterer du kjøpsvilkårene.