Barnelitteratur - sjangrar og teksttypar
Del av serien
Pocket
2025
Norsk, Nynorsk
Barnelitteratur – sjangrar og teksttypar gir ei samla og brei framstilling av det barnelittterære feltet. Boka kombinerer litteraturteori og sjangerkunnskap med perspektiv på didaktikk og formidling. Eit rikt utval teksteksempel frå norsk og omsett barnelitteratur syner mangfaldet i barnelitteraturens uttrykk og tematikk.
Boka er viktig for studentar i barnehagelærarutdanninga og grunnskolelærarutdanninga, og for andre som søker kunnskap om barnelitteratur.
Denne 5. utgåva er grundig revidert og oppdatert med nyare teoriorientering og teksteksempel. Eit kapittel er nyskrive for denne utgåva.
- Kapittel 1 reflekterer over lesing som individuell og sosial hending.
- Kapittel 2 drøftar barnelitteraturens estetikk med vekt på barneperspektivet som karakteristisk forteljarposisjon.
- Kapittel 3 drøftar kva som skjer når ord og bilde møtest, med vekt på bildeboka som medium.
- Kapittel 4–7 framstiller utbreidde barnelitterære sjangrar og teksttypar: eventyr og fablar, prosaforteljingar, lyrikk og sakprosa.
- Kapittel 8 drøftar barnelitteraturens sjangrar og teksttypar i forhold til skiftande tider sine førestillingar om barn og barndom.
- Kapittel 9 er nyskrive for denne utgåva og drøftar formidling av litteratur til barn.
Tilgjengelig i 2 butikker
På nettlager. Sendes innen 1-3 virkedager.
- Bytt i alle våre butikker
- Klikk og hent