Hopp til hovedinnholdet

Design med ord - ei innføring i innhaldsdesign og UX-skriving

  • Pocket

  • 2022

  • Norsk, Nynorsk

«Denne boken er obligatorisk for alle som jobber med tekst og design i digitale flater og ønsker å lære mer om innholdsdesign.» - Ove Dalen, innholdsstrateg og forfatter Utan ord har du inga nettside eller digital teneste og ingen app. Det er på tide at orda får sin rettmessige plass i design av digitale brukaropplevingar.
Orda som folk brukar for å få gjort daglegdagse oppgåver, som å handle mat og betale rekningar, har flytta inn på digitale flater. Innhaldsdesign og UX-skriving tek tak i desse viktige orda frå starten av designprosessen og behandlar dei som ein del av den.
Denne boka lærer deg å kombinere designmetodikk med skrivehandverket og bruke tekst og språk for å rettleie folk gjennom digitale brukargrensesnitt.
Anten du er god til å skrive frå før og vil lære deg å bruke handverket ditt i design og tenesteutvikling, eller du er ein designar som vil utvide verktøykassa di og bli betre til å skrive brukarorientert: Denne boka skal sette deg i stand til å ta rolla som innhaldsdesignar frå start til slutt i ein designprosess.
Susanne Egset er innhaldsdesignar i Netlife, der ho hjelper store og små verksemder med profesjonell handtering av tekst og språk. Ho har bakgrunn frå PR- og kommunikasjonsbransjen og journalistikken - og er ein ekte språkentusiast.
Boka baserer seg på år med erfaringar frå innhaldsdrivne designprosessar saman med ei lang rekke store og små verksemder, bedrifter, organisasjonar og etatar.

5.0

Kan bestilles til 147 butikker

På nettlager (sendes normalt innen en uke)

  • Bytt i alle våre butikker
  • Klikk og hent

Oppdag mer