I arbeidet med boka "Forboden kjærleik. Spenningsmønster i Olav Duuns diktning" kom forfattaren over stoff som han tykkjer har biografisk og litteraturhistorisk interesse, og som kastar streiflys over Duun frå andre vinklar enn dei ein vanlegvis ser han frå. Litt av dette stoffet vert publisert her. Boka er skriven con amore - med kjærleik til Duuns diktning og interesse for mennesket Olav Duun. Med oversikt over kjelder. Illustrert.