Å introdusere mat til babyen din kan vere både spennande og overveldande. I denne kokeboka tek Linda Stuhaug deg trygt gjennom heile reisa – frå dei første skeiene med mosemat til fargerike fingermåltid.
Med utgangspunkt i oppdatert kunnskap om spedbarnsernæring får du all informasjon du trenger når du skal starte med fast føde, i tillegg til:
- 50 heimelaga oppskrifter tilpassa kvar utviklingsfase
- Tips til jernrik mat som sikrar god ernæring
- Informasjon om introduksjon av allergener
- Purear, plukkemat og heimelaga graut
- Overgangen til familiematen
- Ofte stilte spørsmål
- Bonuskapittel med sunn snacks til mor
Linda Stuhaug deler erfaringa og ekspertisen sin på ein varm og inkluderande måte som gjer matlaging til dei minste til ei glede.