Hopp til hovedinnholdet

Den spreke hundreåringen - Førde idrettslag 1920-2020

  • Innbundet

  • 2020

  • Norsk, Nynorsk

På ein skitur i 1920 bestemte nokre ungdommar seg for å starte eit idrettslag. Dei kan umogeleg ha tenkt på kva for eit eventyr dei var med på å starte. På første årsmøtet hadde Førde IL 38 medlemmar. Hundre år seinare har idrettslaget over 2000 og er den største frivillige organisasjonen i Sunnfjord kommune. I boka følgjer vi utviklinga i idrettslaget frå dei første åra med trening og konkurransar under enkle forhold til nyare tid med profesjonelle trenarar og anlegg. Gunnar Erdal-Aase vann den første NM-tittelen i femkamp for Førde IL i 1936. Sidan har mange utøvarar og lag markert seg både nasjonalt og internasjonalt. Dei fleste førdianarar hugsar jubelen då Førde slo Brann ut av NM i fotball i 2016. I dag set blant andre profilar som Karoline Erdal og Gjøran Tefre Førde på kartet. Men sjølv om det er viktig å vinne, så er gjennomgangstonen hos utøvarane at det aller viktigaste med idretten er kameratskapen og idrettsgleda - anten dei driv breidde- eller toppidrett. I denne boka får du møte ei rekkje fargerike personar, både utøvarar, trenarar og dugnadsfolk, som fortel om store triumfar og bitre nederlag gjennom hundre år med idrettshistorie i Førde IL. Hundreåringen er framleis sprek. Boka er rikt illustrert med over 300 bilete.

398,-

Tilgjengelig i 1 butikk

På nettlager. Sendes innen 2-3 virkedager.

Ved å fullføre kjøpet aksepterer jeg kjøpsvilkårene
  • Bytt i alle våre butikker
  • Klikk og hent

Oppdag mer