No får dei endeleg ta til ordet, dei som kjende Kielland både på godt og vondt. Og alle dreg dei fram uventa sider ved denne eventyrlege og tragiske skikkelsen. I ei vellukka blanding av litteraturhistorisk diktarbiografi og fantasifylt dokumentarroman fangar forfattaren oss inn i ei medrivande og spennande forteljing om kva kostnader og lagnader som låg bak denne særmerkte forfattarskapen, og kvifor diktarflamma slokna så brått - etter 10 flammande år.