Mysteriespelet er skrive for framføring i kyrkjerom og er inspirert av John Bunyans bok "Pilgrim's progress". Det fortel om Evas reise frå landet aust for Eden til Den himmelske stad. Eva er i dette tilfellet eit menneske av det 20. århundret, ei smellvakker kvinne som drøymer om ein filmkarriere, Adam ein marinesoldat som er med i den eine krigen etter den andre.