Det er stille, vare dikt som er pakket inn i bomull for ikkje å bli øydelagte, men som likevel inneheld stormfullt og opprørt hav. Det blir som å sitte foran ein sprakende peis, medan uværet herjar utanfor. Grønstøl skriv med andre ord med ei stødig hand, som gjer det trygt og godt. «Det som er no» er ei lita, men stor diktsamling. Med ei særegen poetisk stemme, solide metaforiske vendinger og ei heilt eiga ro over dikta, så er dette ei bok som skiller seg ut frå mengden. Den må rett og slett opplevast.












