Barnet i Lars Amund Vaages nye roman blir fødd inn i familien på Hauge som det tredje av fem sysken og soneson av den store diktaren Gabriel Hauge. Garden er ein mørk stad å veksa opp. Omgangsforma er kald, ribba for gode ord og anerkjenning. For Sigmund, som ikkje får falda seg ut, er det berre slik det er.
Gjester kjem til Hauge, nokre heile vegen frå Chicago. Og gjestene har med seg det den aggressive mora til Sigmund lengtar etter: Dei kjem med lovprising og takksemd. Med gjester i huset blir Audhild ei god mor. Og kanskje finst det ein ven for Sigmund blant syskenbarna frå Amerika. Men så er det det med gjester, at dei drar igjen.
Heile livet ventar Sigmund på høve til å koma nær fetteren Bob. No som dei begge er i syttiåra, skal Bob endeleg koma på vitjing for å sjå att Hauge. Samstundes skal Sigmund halda sin første konsert, på eit flygel ved fjorden.
Flygelet ved fjorden er ein djupt personleg roman, fininnstilt, klangfull, rytmisk og dvelande. Lars Amund Vaage handsamar eit stoff som har vore med i bakgrunnen i alt han har skrive før, men som han først no løftar opp i lyset.