Hopp til hovedinnholdet
Klyngetunet

Klyngetunet - den norske landsbyen

Av Eva Røyrane, 2018.


Dette er historia om den norske landsbyen, eit gløymt fenomen i historia vår. Mange trur bøndene i Noreg alltid har budd på kvart sitt tun, men ein gong i tida, før utskifting og dramatisk modernisering, budde mange nordmenn saman i landsbyliknande fellestun. I desse tuna budde og arbeidde familiar i små hus tett i tett, vegg i vegg, med eit lappeteppe av åkrar kring husklynga. Forfattar Eva Røyrane og fotograf Oddleiv Apneseth fekk ideen til «Klyngetunet» då dei samla stoff frå heile landet til bestseljaren «Norges låver». På si hittil siste reise har dei vitja meir enn femti slike små landsbyar som av ulike årsaker har overlevd, frå Agder i sør til Troms i nord. Fleire av dei er freda, nokre har blitt til museum og feriebustader, medan det i andre bur heilt vanlege folk som framleis driv aktivt jordbruk. Ein gong fanst det mange tusen slike bondelandsbyar, før dei vart oppløyste i perioden 1860-1920. Boka fortel om korleis den dramatiske oppløysinga endra det norske landskapet og bygdelivet, og korleis det gjekk med dei få tuna der bøndene ikkje flytta for å etablera seg kvar for seg. Boka fortel også om korleis kvalitetane i det tette klyngetunet no kan få ein ny vår om dagens arkitektar, byplanleggarar og husbyggarar ser til denne eldgamle buforma for inspirasjon til nye bumiljø der den moderne nordmannen kan trivast og bu i fellesskap. I tillegg til Apneseth sine bilete av klynge- og rekketuna, slik dei framstår i dag, inneheld boka historiske bilete, gamle utskiftingskart som viser den opphavlege organiseringa, og fleire av Arne Berg sine teikningar av dei gamle tuna. Dei siste åra har vi sett ei stadig aukande interesse for historia vår, det nære og det solide. Denne boka er ein augeopnar for ein tradisjon som inspirerer stadig fleire nordmenn.

InnbundetNorsk, Nynorsk
599,-Spar 240,-
Siste laveste pris: 545 kr

Ved å fullføre kjøpet aksepterer jeg kjøpsvilkårene.

Tilgjengelig i 1 butikk

På nettlager. Sendes innen 1-3 virkedager.

Produktinformasjon
Format
Innbundet
Utgivelsesår
2018
Første salgsdato
24.09.2018
Forlag
Skald
Språk
Norsk, Nynorsk
Antall sider
444
Høyde
238 mm
Bredde
245 mm
Lengde
40 mm
Vekt
1860 g
ISBN
9788279592686
Kundevurderinger

0

0 vurderinger

0%
0%
0%
0%
0%

Din vurdering

Logg inn for å se eller gi din vurdering.

Kundevurderingene er skrevet av verifiserte kjøpere. Det betyr at produktet som vurderes må være kjøpt hos ARK og registrert på brukers profil. For å registrere kjøp gjort i butikk, må man være ARK-venn.

Mer om kundevurderinger i ARK
Anmeldelser

Ein bibel om det norske klyngetunet.

Sigmund Krøvel-Velle, Hallingdølen

Glem Isak Sellanrå, i "Klyngetunet. Den norske landsbyen" løftes den norske bondekulturen frem som et sosialt fellesskapsprosjekt.

Gaute Brochmann, Morgenbladet

Med nøkterne og gode tekstar og med storslåtte bileter og ærlege detaljar inviterer dei oss inn på det eine tunet etter det andre, kringom i kyst-, fjord- og fjellandet Norge.

Bjørn Egil Flø, Bokmagasinet
Klyngetunet